Velkomen til Herand båthamn! 



I Herand finn du ei båthamn med lange tradisjonar og sjel. Det såg ikkje ut som i dag, då dei på 18oo-talet sende nybygde båtar av stad. Denne vesle bygda var ein av dei største båtbyggjarstadene på Vestlandet, og berre i 1890 vart det bygd 300 båtar her. No er dei fleste trebåtane erstatta med andre typar båtar, og hamna har fått ny innpakning etter tallause dugnadstimar frå bygdefolket. 


I ei forlenging av hamna, finn du ei badestrand med grillplass, bord og benker. Sumarstid, er Meieriet Restaurant, Kiosken og Båtmuseèt i hamna åpen. Butikken ligg òg rett i nærleiken.


 
Gjesteplassar:
ca. 25

Havnepris: kr 100 for båtar < 40 fot,
kr 150 for båtar > 40 fot

Kontakt: Herand Båtlag v/ Kjell Rune Selsvik
Tel.:  +47 48280919
Epost: post@selsvik.info
 
 


 
Fasilitetar:
 

Fortøying ved flytebryggje; Serviceanlegg med dusj, toalett, vaskemaskin og tørketrommel; septiktømming; søppelcontainer; tilgang til straum og vatn; diesel- og bensinpumpe ved butikken.